onsdag 22. februar 2012

Skattejakt



er ei av mine største gleder.
Så sidan nokre dagar hadde vore litt tunge,
fant hanepane ut at konepone måtte luftast litt.
Då blei nokre av bruktbutikkane i Bergen besøkt.
Og da blei reine skattejakta for meg!!


For ja,
eg fant nokre fine skatta.
Blant anna den brune kofferten,
apotekerflaska og den gamle boka.


Skattejakt er balsam for sjela.
Og når ein finn noko,
er det ekstra morro :)


Boka er frå 1881!!
Fin og gammal skatt :)




Ynskjer alle ein fin onsdag!



Klem frå Christine





søndag 19. februar 2012

Butikk Josefine



I går var eg så heldig å få vera med på opning av ein ny butikk.
Butikk Josefine opna dørene på Hanevik, Askøy.
Butikken har fokus på redesign og gjenbruk,
men ein kan også finna nye godbiter.



Retro og redesign..



Nostalgi og gjenbruk...



Den store og flotte butikken,
har og ein liten kafedel.



Flott stilleben



Denne butikken er absolutt verd eit besøk, 
og berre opplevast :)



Ynskjer alle ein fin fastelavenssøndag!
Her skal det bakast bollar med marsipankrem,
og vanleg krem :)



Klem frå Christine






fredag 17. februar 2012

Bestemor..



..var ein skikkeleg handtverkar!
Det var sjeldan me såg henne utan strikkepinnar
eller hekletøy i hendene.


I ein kasse på loftet var eg så heldig å finna att
ein bunke av hennar meisterverk,
som eg trudde hanepane hadde kasta!!


Sjølv kan eg knapt legga opp,
og veit iallefall ikkje korleis ein skal hekla..



Med bestemors rosa kreasjon på bordet,
ynskjer eg alle som stikk innom,
ei kreativ og god helg!




Klem frå Christine



onsdag 15. februar 2012

Endå ei tallerkenhylle..



..har kome til rede.
Denne er bestilt frå Ellos.


I mellomgangen vår passa den perfekt!
Og har fått diverse loppis fat og bøker som pynt.
Ein gammal skuleplansje har og funne vegen til redet :)


Støvlane mine står fint til pynt.
Også her har naturen fått plass.
Syns det er så fint med lerkegreiner :)




Håpe alle hadde ein fin valentines day i går.
I redet blei det roser, litt digg og romantisk film :)




Ynskjer alle ein strålande onsdag!!



Klem frå Christine



fredag 10. februar 2012

God helg!



Innom for å ynskja alle saman ei fantastisk god helg!
På søndag er det morsdag.


Denne fine dekorasjonen
skal mamma`n min få.
Den er sjølvsagt laga og kjøpt den lokale Anemone.


Der har de no mykje fint i både blomar
og Green Gate.



God helg alle saman!


Klem frå Christine

torsdag 9. februar 2012

Vase



I redet er ulike vaser i bruk,
og i grunn kunne eg hatt fleire.
Men ikkje alle er like "på moten"..
Ein dag eg fekk ner ein kasse frå loftet,
dukka denne opp:


Først tenkte eg at den går rett i bosset!!
Men så tenkte eg på alle kreative sjeler i blogglandia,
og tenkte at eg sikkert kunne fiksa den litt.
Så etter to strøk med maling,
litt decoupage,
sløyfe og perler,
såg den slik ut:


No står den på salongbordet i stova.
Sinkfatet har fått litt ny pynt.
Lyshuset er kjøpt på Hjerterom for berre 59,-
Madonnaen er kjøpt den fine butikken Den Grønne Baljen.
Blei litt meir vårfølelse i stova med forandringa,
og den rosa hekleduken :)




Ønske alle ein vårleg torsdag!



Klem frå Christine



onsdag 8. februar 2012

Tallerkenhylle




Eg elskar tallerkenhyller!!
For ei stund sidan var eg innom Fretex.
Der fant eg ei til berre 49 kroner!!!
Litt maling,
og VOILA!


Holdt på å gløyme å ta før bilete,
men slik såg den ut før malinga blei "klæsja" på:


Det aller meste i hylla er bruktfunn.


Det er kjekt å ha det framme,
kunne vise skattane sine:)






Ønske alle ein fin onsdagskveld!




Klem frå Christine



mandag 6. februar 2012

Eplekassar



Gamle eplekassar kan brukast til mykje.
Her i huset var to lenge brukt til ei lita hylle på kjøkkenet.


Ein dag eg var i det kreative hjørnet,
kom to nye i hus.
Alle blei flytta, og blei til ei ny hylla-
under kjøkkenbenken!
Plass er til for å utnyttast! ;)


No har eg betre plass til gamle fine ting,
oppbevaring og framvisning :)





Ønskjer alle ei fin fin mandag!!




Klem frå Christine










torsdag 2. februar 2012

Når hanepane er vekke...



..dansar konepone på bordet :)
Eller ho kan ta seg tid til å flytta rundt på ting.
Forandring fryder,
og av og til er det berre at DEN gode idèen prøvast ute!


Så då hanepane var tre dagar i Oslo,
kunne konepone pusla litt rundt omkring.


Bordet som nett var flytta til mellomgangen,
blei flytta til kjøkkenet.
Der stod det ei hylle av gamle kassar,
men desse har også fått ny plass.
(Innlegg om dette kjem seinare.)


Konepone blei fornøgd med resultatet,
og hanepane syns faktisk at resultatet blei bra!! :)



Ha ein fin torsdag!


Klem frå Christine



onsdag 1. februar 2012

Arve drøm



Då eg var ei lita jenta,
kom mamma heim med da skjønnaste serviset!
Koppa, fat og skåler.
Mamma hadde arva det etter ei gammal tanta.
Eg gjorde det ganske klart allereie den gong,
at dette skulle eg arva ein dag.


På nyåret no spurte mamma om eg ville ha serviset.
Eg takka sjølvsagt JAAA,
og blei kjempe glad!! :)


Det har allereie vore brukt,
og noko får stå framme.
Det er for fint til å gøymast vekk.
Saman med lerkegreiner med lav og kongla,
gjer det meg i godt humør og vår stemning :)



Februar er her allereie.
Dagane er merkbart lengre.
Det nærmar seg vår :)



Ynskjer alle ein lys og fin onsdag :)


Klem frå Christine




LinkWithin

Related Posts with Thumbnails