Regnet slår mot vindauge.
Vinden riv i busker og tre.
Det er ingen tvil om at hausten er her.
Det er godt å krypa under eit godt og varmt teppe,
med ein god kopp kakao.
Gjerne ei god bok.
Haust er innekos og levande lys.
Det er fornying av putar og pledd.
I rede er årets haustfarge petrol blå.
Nye putar, gardiner og kubbelys er kjøpt inn.
Konglar er funne fram.
Formen min er på veg oppatt.
Det er godt å kunna gå ein liten tur,
nyta den friske haustlufta.
Godt å kunna klara dei mest kvardagslege tinga sjølv.
(For berre ei veka sidan måtte eg ha hjelp frå senga og på badet..)
Men no er det haust og nye moglegheiter :)
Eg likar hausten :)
Ønskjer alle ein fin og haustleg tirsdag!!
Klem frå Christine