tirsdag 28. juni 2011

Klar som eit egg



Til hausten byrjar mellomstemann på skulen.
Han er klar som eit egg og gledar seg :)
Eg syns sjølvsagt at han kunne ha venta litt,
og vore liten og uskuldig nokre år til...


For nokre dagar sidan lurte han fælt på kor han skulle gjera leksene sine.
Storebror har jo skrivebord på rommet sitt,
men kor i all verda skal han ha sitt..
Han deler rom med lillebror som er "sjukeleg" opptatt av
Sabeltann og andre piratar,
og kastar pirat effektar over alt..
Og medan storebror er "sportsidiot", minstemann pirat,
so er mellomste den kreative.
Den som kan sitta roleg meir enn to minutt i strekk..
Den som kose seg med lego, klipping, liming, glitring, teikning og skriving. 


Men ein kveld slo løysinga ner som lyn frå klar himmel.
Sjølvsagt! Dette blir perfekt!!
For ut i den smale lange gangen, har eg eit lite bord.


Eg sendte hanepane og guttane ut.
Og tipp om mellomste blei fornøgd då han kom att!!
Ved dette bordet kan han kreere og kose seg.


Minstemann blei også nøgd.
For eg hadde samla dei mest brukte pirat tinga i umiddelbar nærleik.
Her er det berre til å gå til angrep når han set foten ut av senga ;)


Boksar med diverse fargeblyanter, limstift, sakser, glitter og "stæsj".
Lampen er ein retrolampe kjøpt på loppis i Køben.
Penalet og "Kypros boka" kjøpte han for eigne pengar då me var på kypros.
Han kosa seg med teikning ved bassengkanten :)
(Jammen meg blei detta eit langt innlegg...)

Jammen veks dei altfor fort desse håpefulle små...


Ha ei riktig god natt!


Klemma frå Christine



6 kommentarer:

InstatreffNorge sa...

Så flott skolegutt du har:):)
Ser at han er godt forberedt, det er viktig;)
Lille nevøen min begynner også på skolen til høsten, og jeg syns det er litt rart.. lissom ikke lenge siden han ble født:P De vokser så altfor fort...

Håper du kommmer på glansdagen neste år:)

Klem Lise

Barbros lille verden sa...

Tenker han ble fornøyd ja!! Veldig bra ble det...MEN...hvor skal du ha alt det fine stæsjet DITT nå da? Hihi ;)
Nattaklem fra Barbro

liven sa...

Ja klart skolegutten må ha en arbeidsplass :o)
Og tenker han er fornøyd nå!
Tiden går fort....og enda fortere når de er begynt på skolen!

Ta vare på tiden og ha en fin sommer Christine....og forhåpentligvis kommer den :o)

Lappeline ♥ sa...

Så klart han må ha leksepult når en er blitt stor skolegutt..... Så flott det ble.......uff ja de vokser så altfor fort.....tenk her er minstemann blitt 17 år....tenk om en kunne stoppe de opp litt .....

Ha en fin kveld

Klem

Bjørg ✩ Huset ved Fjorden sa...

For ein herleg plass for den fine (snart) skuleguten din:) Kjempefint bord!:))
Vi skal bu ved stillinge strand ca 1t køyring frå København. Gleder meg mykje! kor skal de? Og kor er det loppis??;)
Ha ein fin kveld!
Klem:)

Jannes lille sted sa...

Åå, så fort som tida går! Og så fin skolegutt du har! Og plassen ble jo riktig så bra!

Ta en titt innom bloggen min! ;)
Klemmer Janne Merethe

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails