fredag 23. juli 2010

"Tilstandsrapport"

Shallabaisen, jente!
Jadda, eg e i livet. Eg e berre litt redusert..
Eg LOVE at detta ikkje ska bli ein "syke journal". Men i og med at sjukdommen min e noko som opptar oss i rede litt, so e da ikkje te å komma heilt unna..
For snart to veke sia hadde eg min første cellegiftkur. På kvelden blei eg ganske dårlig, og tenkte at detta vil eg ikkje gjennom fleire gonga..men dagen etter va eg faktisk rimelig oppegåande,men veldig slapp, men sat i stova og slappa av i godstolen min. Eg tenkte "at detta kan eg faktisk leva med". Dagen nr. to va eg blei eg uvel. Sia matlyste va på bonn, sei da seg sjøl..so eg heiv innpå anbefalt dose m kvalmestillande tabletta. Og tipp om eg blei dårlig!! To daga blei eg liggande!! Detta kunne eg ikkje leva med..men når eg slutta på tablettane, blei formen ein heilt anna. Eg va slapp, men rimelig oppegåande. Igjen såg eg lyst på livet :)
Veit ikkje om eg har sagt da her inne tidligare, men ein ting kjem jo sjelden alein! So midt oppi alt har eg fått isjas..so no humpe eg rundt på krykke, og håpe at lykken snart snur ;)

MEN! Nok om sjukdom og tull og tøys!!
Eg va jo på loppemarked når me va på ferie i Danmark.
Der kjøpte eg detta skjønne gamle kaninparet:

Mange fine og artige detaljar

Og i Vejle, ein koselig liten by, kjøpte eg denne maileg babykaninen og "Molly mus" m seng. Må sei at prisane e litt billegare enn her heima...
Dei har no fått seg ein fin plass på skjenken i gangen :)

Dette sjarmerande speilet fekk og bli med meg heim.


Eg har ein ting te eg vil ta med meg i dagens innlegg.
I denne bloggeverden fins da mange kjekke og snille damer.
Ei av dei damene er dama bak bloggen Nostalgia. Nostalgia har eit auge for det gamle og vakre. Sjå berre ka eg fekk av ho rett før me reiste på ferie :


Eit herlegt gammalt og sjarmerande vindauge! Dette har fått hedersplass på den ny-gamle skjenken min saman med kaninparet. 1000 1000 takk Nostalgia :) Og for dei so ikkje har vore innom bloggen hennar, so ta ein tur HER. Du vil ikkje angra :)

No ska eg eta deilig biff i lag med min hanepane. Etterpå e da krim!

Tuddeliduuu :)

Klemmer frå Christine






søndag 11. juli 2010

"Det er deilig å være norsk- i Danmark!"

Shallabaisen folkens!
Då e eg tilbake frå ein finfin ferie i Danmark.
Me har kost oss masse. Hatt godt selskap, flott ver, god mat, godteri, Legoland, lego, safari, bading, sandstrender, barnelatter, krabbe jakt, litt shopping, og ikkje minst: Loppemarked!!
Prisane på danske loppemarked e lavare enn her heima i Norge.
Da va med tungt hjerta eg måtte gå frå mange godbita..bilen va full nok frå før om ikkje konepone skulle drassa med seg både bord, bilder,hyller, kommoder, skrivebord og masse anna...men litt blei da jo likavel :) Gamle bokser so ska brukast te oppbevaring i hobbykroken min, litt stoff og eit kjempe søtt kaninpar!! (Fleire bilde kjem nok seinare)



Da e fortsatt to veke att av ferien. Men no e da tilbake te den harde
virkeligheten (og litt kvardag).
I måro ska eg ha min første kur med cellegift. Eg grue meg ikkje, men e veldig spent på korleis eg reagere på behandlinge. Vil jo so veldig vera blant de heldige so ikkje blir so dårlig..men detta kan ein jo ikkje velga sjøl..Og nett so ikkje detta e nok, so har eg klart å få isjas midt oppi alt..måtte på legavkten i går..so no vente eg på time te CT.
Men da e jo positive ting opp i alt detta og :) For neste veka håpe eg på time te ny protese, og te parykk prøving. Va hjå frisøren på haukeland og fekk ta ut 4 ulike, og valgte de i ein flott farge! So no e da berre te å venta i spenning på prøving og klipping :)


Ska komma tilbake med både bilder og fortelja korleis da går.

Håpe de alle har ein flott sommar, og håpe de har flott sommarver :)

Tuddeliiduuuu ;)

Klemmer frå Christine

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails